I februar 2021 vart det avvikla årsmøte i Sykkylven SK. Her vart det attval av styret som har desse medlemene: Eldar Høidal, leiar, Rolf Haxthow, nestleiar, Ronny Leknes Holm, kasserar, Torill Øvstedal, styremedlem, Henning Eidset, styremedlem og Anne Karin Watters styremedlem. Vara: Tore Melbø.
Klubben vil satse vidare på å få opp rekrutteringa blant dei yngste ved å føre vidare klubben sine cupritt. Vi vil også gjennomføre aktivitetar på den nye pumptrackana vår ved Storhallen. Her er alle, born og eldre, velkomne til å boltre seg når dei måtte ønskje.
Også i 2021 vil vi arrangere klubbens tradisjonelle turritt, Sykkylven energirittet. Rittet vert i år gjennomført 15. august. Det vil også bli ein trimklasse utan tidtaking i rittet.